Eg fær brandsår når drukne menn
vitlaust skjemmer ut ditt snøkvite akslepar,
når ein villmann set tenner i
lippa di som eit teikn verdig å minna om.

Høyr eit ord: Ikkje varig elsk
kan du venta deg av ein som fer fram så grovt
mot den munnen der Venus la
kvintessensen av all nektar ho eig og har.

Trifald lukke og meir enn det
finst hjå dei som eit band, uslite, held i hop
utan riving og utan strid;
kjærleik lever i dei, evig, til siste dag.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Heidi HoltanLailaBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimIngunn SBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteSynnøve H HoelDemeterTor Arne DahlJulie StensethÅsmund ÅdnøyLinda NyrudTrude JensenTanteMamieDaffy EnglundEllen E. MartolRoger MartinsenTine SundalToveInger-LisePerSpelemann