"Men kva er det du seier, mann? Det er klart at populærkulturen har historisk verdi. Og arbeidet dit er jo eit prov på det."
"På ingen måte. Det som har historisk verdi er kunsten. Populærkulturen er det som kjem etter kunsten, syretanken som kunsten løyser seg opp i. Ser du boblene? Farvel kjære kunst! Gløym ikkje å ta med deg historia. Populærkulturen er dømt, my good old Kope Deleche, til å vere ein kontinuerleg straum. Den finnest berre i notida."