Har du lest O negro no futebol Brasileiro? Sjølvsagt har du ikkje det. Den burde vært obligatorisk lesing i skulen, men det er få som har lest den. Skuleverket vil heller trykke José de Alencar ned i halsen på ungane slik at dei garantert får avsmak og aldri vil finne på å lese ei bok igjen for resten av livet, for ei tragedie. Brasil kjem aldri til å lære, Neto. Brasil. Lærer. Aldri.