Skilnad på

Det er så stor ein skilnad
som millom kvitt og svart,
det som du tenkte bli til
og dette du vart.

Og ofte er det skilnad
imillom det du gjer
og det som du vil at andre
skal tenkje at du er.

Lett er å tykkje synd i
den som er langt ifrå.
Men tyngre er å hjelpe
din neste du kan nå.

Ho er så lett å bera
den bør som andre ber.
Det er så lett å gjera
alt det dei andre gjer.

Men det du sjøl lyt bera
et er så tung ei bør
at tyngre bør har ingen
i verdi bore før.

Så milelangt og audt
millom ordi i din munn
og det du ærleg meiner
i djupe hjartegrunn.

Kvi skal det alltid vera
så stor skilnad på
det ljose som du drøymer
og røynsla tung og grå?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergRonnyIngunn ØvrebøChristofferAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTatiana WesserlingGrete AastorpMads Leonard HolvikGeir SundetgretemorsiljehusmorIngeborg GPiippokattaJakob SæthreCarine OlsrødFredrikAnne-Stine Ruud HusevågVioleta JakobsenFriskusenRunePi_MesonTonesen81Kirsten LundJoakimToveAud Merete RambølHilde H HelsethMarenJane Foss HaugenTom-Erik FallaEllen E. MartolAlice NordliCecilie69Kikkan HaugenIrakkBirkaConnieHilde VrangsagenSolveigJarmo Larsen