Moder Jord

Teiande, med eit tolmod
som berre ei mor kan eige,
nækjer du bringa
og let oss få syge
livsens saft.
Medna vi krev deg
for meire og meire
i ei hækne som aldri tek ende,
tappar vi or deg
og øyder di kraft.

Livgjevande straumar
renn og fløder
i dine ådrar.
Mange er vi, dine born,
som du mettar og føder.

Mange er vi som sårar.
Tappar deg meir
enn vi treng.

Gråduge er våre munnar.
Hjartelaust syg vi deg, mor.
Um vi enn anar
at dine brunnar
ikkje er bornlause.

Umsynslaust, hardt,
syg vi deg
Moder Jord.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

VariosaBjørg L.oforbordVibekeritaolineLene AndresenmarithcIdaIreneleserChristofferPiippokattaHeidiKaren PatriciaTine SundalJan-Olav SelforsVannflaskeAnne Berit GrønbechJulie StensethLinda RastenGladleserandrea skogtrø egganKirsten LundLailaBerit RHanneRoger MartinsenFride LindsethsiljehusmorAnniken RøilHeidi LINA TORNESsveinTor-Arne JensenTonesen81LilleviKristine87Mette-MKjell PFindusfla