1 Mennesket, fødd av ei kvinne,
lever kort og er fylt av uro.

 2 Det spirer som blomen og visnar,
      flyktar som skuggen, står ikkje i ro.

 3 Likevel held du auge med det,
      du stemner meg for din domstol.

 4 Kan det koma ein rein av ein urein?
      Nei, ikkje ein einaste.

 5 Når dagane til mennesket er fastsette,
      når du har bestemt månadstalet for det,
      sett grensa det ikkje kan bryta,

 6 vend då blikket bort og lat det vera,
      så kan det gleda seg ved sine lånte dagar.

 7 For eit tre finst det håp:
      Blir det felt, veks det opp att,
      det skal ikkje mangla friske skot.

 8 Om røtene i jorda blir gamle
      og stubben morknar i støvet,

 9 så spirer det på nytt ved eimen av vatn,
      set skot som eit nyplanta tre.

10 Men når mannen døyr, er det ute med han;
      når mennesket går bort, kvar er det då?

11 Slik vatnet forsvinn frå sjøen,
      slik elva minkar og tørkar ut,

12 slik ligg mannen og reiser seg ikkje.
      Han vaknar ikkje om så himmelen forgår,
      han står ikkje opp frå søvnen.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KIngunnKirsten LundFindusLailaReadninggirl30Sverre HoemBenedicteAlice NordliLena Risvik PaulsenHildeVanja SolemdalBjørn SturødJohn Larseningar hPi_MesonKjell F TislevollReidun SvensliBente NogvasusannaTovePiippokattaCathrine PedersenTine SundalAurora WeberMaikenRisRosOgKlagingIngunnJVannflaskeIngeborgTanteMamieNorahChristenSvein Erik Francke-EnersenIngeborg GMarianne MTorill RevheimHegeLilleviHilde Vrangsagen