Då toget stoppar på Finse, kjem stasjonsnamnet opp på displayet over døra, saman med “1222 m.o.h.”
- Kva betyr det der “m.o.h.”, seier den eine jenta til den andre.
- Veit ikkje, svarar ho og trekkjer på skuldrene.
Dei begynner å tippe på kva det kan tyde. Å ungdom, kor lite kontroll dei har på dei mest basale ting, tenkjer eg og kjenner ei lyst til å skjere gjennom og fortelje dei kva det tyder, men får meg ikkje til å gjere det. Dei gir seg ikkje, men kjem berre lenger og lenger ut på viddene.
- Mot... vind? Kan det bety motvind?
Herregud, no begynner eg å kaldsveitte berre av tanken på å opne munnen og avsløre svaret på denne gåta dei har sett seg føre å løyse. Korleis kan ein vere tolv år og ikkje vite betre enn dette?
Eg klandrar skuleverket! Og ikkje minst foreldra, her har dei på verst tenkjelege måte svikta ansvaret sitt. Eg sit på nåler og er heile tida på nippet til å la svaret sleppe over leppene mine. Eg er irritert på meg sjølv fordi eg ikkje kunne greie å vere litt meir spontan, og no er dei i alle fall heilt ute å køyre med gjettingane sine:
- Med... andre ord ...?
Nei, nei og atter nei, dei blir berre dummare og dummare der dei sit, og eg sjølv er truleg heilt kvit i andletet av skrekk. Skal eg, skal eg, skal eg, skal eg, skal eg, skal eg... sit eg og hakkar inni meg.
- Meter over havet, seier eg endeleg, og blir i same sekund overmanna av hjartebank. Dei gløttar så vidt bort på meg, men berre delvis spørjande.
- Meter over havet, det betyr meter over havet, pressar seg fram like før eg held på å segne om. Dei to små svina berre stirer litt dumt på meg og greier så vidt å presse fram eit uinteressert “å ja...”, før dei ser på kvarandre og fniser uforskamma. Lykke til med å bli tenåringar, håpar det går til helvete, rekk eg å tenkje før dei går av på Geilo.