Den galne guten min hug hev dåra;
eg fanga sit som ein fugl i snòra;
den galne guten, han gjeng so baus;
han veit at fuglen vil aldri laus.

Å gjev du batt meg med bast og bende;
å gjev du batt meg so bandi brende!
Å gjev du drog meg so fast til deg,
at heile verda kom burt for meg!

Ja kunde rett eg mi runelekse,
eg vilde inn i den guten vekse;
eg vilde vekse meg i deg inn,
og vera berre hjå guten min.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.AvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeKirsten LundIreneleserTove Obrestad WøienBeathe SolbergLilleviWenche VargasJulie StensethAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristofferHeidi BG LHarald KHanneRisRosOgKlagingHilde H HelsethEmil ChristiansenTraltemay britt FagertveitMarteLyriaIngunn SEllen E. Martol