Eg vil syne deg hagen min

Eg vil syne deg hagen min.
Alle dei frosne blomane, alle dei visne strå,
alle dei turre tre, skal du ikkje få sjå.
Ikkje det urudde, men det velstelte.
Alt det vakre syne fram.
Ikkje dei mange kaldnetter som frøyste blomar,
skal du veta um. Men høgsumaren med det som
blømer og står i sin fulle brage.

Skulle eg likevel syne deg alt?

Å, eg veit det! Ingen ting kan eg løyne for deg,
du har longe sett det. Alt det låge, alt det smålege,
alt det urudde. Ingen har sett meg djupare inn i
augo.
Det turre, det visne, det ljote skal du hjelpe
meg å reinske burt.

Før eg møtte deg, var alt her inne urudt lende,
livlause øydemarker, der inkje godt kunne gro.
Der du går, sprett blomar fram i faret.
Ser du at steinen blømer!
Før er ikkje til lenger.
No blømer her ein hage.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

junieSissel ElisabethLilleviTine SundalmgeSigrid NygaardKjell F TislevollBjørg L.MarenLailaPiippokattaTurid KjendlieSverre HoemJulie StensethTove Obrestad WøienmarvikkisEgil StangelandHenrik  Holtvedt AndersenAlexandraIngunn SAvaKirsten LundWencheHarald KCathrine PedersenJanne Kristin HøylandTralteAnniken BjørnesTanteMamieAnette Christin MjøsVannflaskeEivind  VaksvikKarin BergEli HagelundReadninggirl30lillianerVariosaBeathe SolbergLene AndresenTor Arne Dahl