Biletet

Eg ville teikne med ord
ho som eg ber i hugen,
så eg fekk synt ho fram.
Men ordi rakk ikkje til.

Eg ville seia ho med blomar,
skire som hennar augo.
Men alle blomeberg i verdi
kunne ikkje syne fram
korleis ho var.

Eg dyppa min pensel
djupt ned i blåe havet.
Eg teikna med stjerneskrift
på natthimmeldjupet.
Dei logande haustfargar
over lauvskog og lier,
dyppa eg penselen i.
Men biletet bleikna
mot henne eg elskar.

Då opna eg bringa,
dyppa penselen djupt inn
og måla ho
med mitt hjarteblod.

Då blodet storkna
stråla det fram:
Biletet av henne
eg elskar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundPär J ThorssonKristinPiippokattaBeathe SolbergMona AarebrotmarvikkisReidun VærnesTanteMamieLailaIngunn SLabbelineSissel Karlsen FjeldetINA TORNESTarjeiFrode TangenbeaverkriekHilde Merete GjessingTorill RevheimAvarubbelGodemineWenche BrohaugEivind  VaksvikEirin EftevandAgnesLinda LarsenLars MæhlumBenteKjell F TislevollVannflaskeBenedikteMorten BolstadBjørg L.Astrid Terese Bjorland SkjeggerudJulie StensethReidun SvensliEllen E. MartolJoannIngeborg G