Rotlaus

Du står der trygg av di du fann
din grunn.
Meg jagar eld og uro kvar
ei stund.

Um kvervelvinden riv med
bråe kast,
du har dei røtene som held
deg fast.

Eg stomlar fram, eig ikkje rast
og ro,
Du står og veit korleis det er
å gro.

Med' lengten driv meg kringum land
og strand,
står du og gror i fred, av di
du fann.

Fulltrygg står du der i din fred
og veit-
Meg jagar livet vidare
på leit.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Mona AarebrotCamillaKjerstiUnn BjørklundKjerstin BrutehaugBookiacElinBeToneLars MæhlumKirsten Lundanniken sandvikHilde VrangsagenBente WBeathe SolbergNeraAmanda AMonaBLElin Katrine NilssenSynnøve H HoelBjørg L.FiolalpakkaJoakimTone SundlandKaren RamsvikFrode Øglænd  MalminOleHeidiPiippokattaBjørn SturødEivind  VaksvikReadninggirl30Tine SundalIngridHarald KKarin BergTanteMamieBjørg RistvedtIngunn SRisRosOgKlaging