HO
litt bekymra
Men det er litt annleis
eg hadde vel
ikkje tenkt
at det skulle vere slik
Brått redd
For nokon kjem til å komme
det er så audt her
at nokon kjem til å komme
Han held berre fram med å sjå mot huset, liksom i eigne tankar
Den lange vegen hit
ikkje eit menneske var jo å sjå
langt har vi reist
og ikkje eit menneske har vi sett
berre vegen
og så står vi framfor dette huset og
intensare
tenk når det blir mørkt
Og tenk når det er uvér
når vinden
går gjennom veggane
når du høyrer havet slå
når havet er kvitt og svart
og tenk kor kaldt det blir i huset
når vinden går gjennom veggane
og tenk kor langt det er til folk
kor mørkt det er
kor stille det kjem til å vere
og tenk korleis vinden går
korleis bølgjene slår
tenk korleis det blir om hausten
i mørkret
med regnet og mørkret
Eit hav som går kvitt og svart
og berre deg og meg
her i dette huset
Og så langt frå folk

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

svarteperMargrethe  HaugenHarald KTine SundalHildeKirsten LundToveLinda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnie