HO
litt bekymra
Men det er litt annleis
eg hadde vel
ikkje tenkt
at det skulle vere slik
Brått redd
For nokon kjem til å komme
det er så audt her
at nokon kjem til å komme
Han held berre fram med å sjå mot huset, liksom i eigne tankar
Den lange vegen hit
ikkje eit menneske var jo å sjå
langt har vi reist
og ikkje eit menneske har vi sett
berre vegen
og så står vi framfor dette huset og
intensare
tenk når det blir mørkt
Og tenk når det er uvér
når vinden
går gjennom veggane
når du høyrer havet slå
når havet er kvitt og svart
og tenk kor kaldt det blir i huset
når vinden går gjennom veggane
og tenk kor langt det er til folk
kor mørkt det er
kor stille det kjem til å vere
og tenk korleis vinden går
korleis bølgjene slår
tenk korleis det blir om hausten
i mørkret
med regnet og mørkret
Eit hav som går kvitt og svart
og berre deg og meg
her i dette huset
Og så langt frå folk

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikReidun SvensliÅsmund ÅdnøyAnniken BjørnesHeleneLailaanniken sandvikJørgen NIngunn SPiippokattaEgil StangelandOleHilde Merete GjessingBerit RRufsetufsaKirsten LundAnette STurid KjendlieJulie StensethVanja SolemdalAvaAgathe MolvikDagfinn JakobsenEmil ChristiansenStig TAkima MontgomeryAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeDemeterTerje MathisenFindussiljehusmorNorahEileen BørresenTanteMamieTine SundalJan-Olav Selforsmay britt FagertveitAlexandra Maria Gressum-KemppiRune