"På si side måtte Helge erkjenna at han forsto mindre og mindre av borgarskapet, dess betre han kjende dei. At dei var uvitande, det var nå så. Det var vanskeleg å unngå, så lite livserfaring dei hadde høve til å skaffa seg. Verre var det at dei var uvitande på ein måte som gav makt og prestisje. I tillegg tykte han at dei oppførte seg meir og meir forunderleg. Dei forsto for eksempel ikkje dei vanlege reglane for utveksling av gåver. Dei trudde omtanke var veikskap. Dei tevla om alt. Dei var redde for å seia kor dei kom frå, og kor dei høyrde til. Dei sa ikkje "hjemmet" og "familien", som det heitte på deira språk. Dei sa heimen, som på nynorsk. Og familyen, som på engelsk. Og mutter og fatter og brutter, som er eit slags tysk."