Eg gjorde som ho sa, song det eg alt hadde sunge, nærma meg staden der stemma skar seg, kom dit, og stemma var som den skulle, Malinovskaja veivde takten, og eg lukka auga og sokk ned i songen, sokk og steig alt etter kvar den dreiv meg, blomstrar veks frå ei anna verd og inn i vår, elva slår små bølger mot promenaden, ungdomar tar av seg kleda og slenger seg i vatnet om juni, juli, august er varm; nakne svømmer vi utan å tenke at også dei gamle var eit heilt liv, også dei svømde denne elva, og andre kroppar som for oss bare er steinar på gravlunden, fekk også kle av andre og ligge inntil og slikke mellom beina, men kven hugsa dei som ikkje lenger svømmer; kven hugsa tante, og kven vil hugse meg; eg står skjult inne i pumpehuset, og langt ute i bølgene kjem ein svart båt rodd av ein svartkledd mann, båten går opp og ned, men han ror jamt og er ikkje redd elva, det er ein øydeleggar som kjem, eg knip hendene saman, men kjenner ikkje lenger hendene mine, båten ror mot land, og brått brenn brystkassen min, og ei lysande venge fyller pumpehuset, ei lysande venge for alt som finst og har funnest, og alt som har prøvd å finnast.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Readninggirl30TheaLars MæhlumKirsten LundBeathe SolbergAgathe MolvikDolly DuckAlice NordliHilde H HelsethTanteMamieBente NogvaalpakkaSigrid Blytt TøsdalKjell F TislevollWenche VargasIngunn ØvrebøSverreJane Foss HaugenChristofferGro-Anita RoenMathiasMorten JensenPiippokattaKine Selbekk OttersenRune U. FurberggretemorJulie StensethPär J ThorssonAnniken RøilElisabeth SveeIngunnJTom-Erik FallaTorill Revheimingar hAnne Berit GrønbechToveLabbelineDemeterBjørn SturødHallgrim Barlaup