Musikken frå vaktrommet blei verre og verre. Frå radioen lydde ein smørtenor som song ein Rudi Schuricke-låt med jammerleg tysk uttale. Paul spissa øyrene og gjekk heilt bort til arrestanten. Eg såg det på han, han var usikker, eg ante uråd.
“Jawohl?”
“Sanninga er at det ikkje var Reidar Kvammen. Det var ikkje Reidar Kvammen frå Viking, Stavanger som scora vinnarmålet mot Tyskland i -36. Det var Magnar Isaksen frå Lyn, Oslo. Goebbels la personleg ned forbod mot å nemna det. Det skulle ikkje stå på trykk i tyske aviser at ein spelar med jødisk namn hadde senka det tyske landslaget. Det var derfor Kvammen fekk scoringa.

Godt sagt! (3) Varsle

Sist sett

Vigdis VoldRufsetufsaJulie StensethSisselLaddenRuneAnne Berit GrønbechJarmo LarsenSissel ElisabethDagfinn JakobsenChristofferAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPiippokattaJannaBjørg Marit TinholtMarvikkisIngunn SIngvild SJohn LarsenstrigidaeSolveigTatiana WesserlingTurid KjendlieLilleviTor-Arne JensenEgil StangelandHarald KAnne-Stine Ruud HusevågToveSynnøve H HoelFrans EriksenOdd HebækTanteMamieEllen E. MartolDemeterLailafornixSigrid NygaardTove Obrestad WøienAlice Nordli