Mange musikarar han kjende, var ikkje intellektuelle, dei var emosjonelle, og musikken var eit språk som kjenslene deira kunne uttrykke seg gjennom, ikkje ein veg til erkjenning. Slik var mange av fiolinistane i Harmonien, og slik var fleirtalet av lærarane på musikkskolen. Dei spela musikk og underviste i musikk. Dei pusta gjennom musikken, og hadde bruk for venleiken i musikk, men ikkje smerta i musikk. Livssmerte har den som gjennomskodar tilværets absurditet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Litt usikker på om eg skjønar dette sitatet. Meinar han at dei som søker smerte og liding i musikk, fordi det gjev gjenklang i eiga smerte, ikke har skjønt at tilveret er absurd? Eg kan vere med på at tilveret ikkje kan forståast, må berre godtakast, men at det ikkje er naudsynt med liding og melankoli og det mørke, er heilt urimeleg. Kva med blues, svartmetall og andre uttrykk der lidinga og smerten er viktig fordi det dempar smerten som alt er innvendig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

cupcakeMads Leonard HolvikSigrid NygaardVegardTone HGrete AastorpLinda NyrudKjerstiHarald AndersenKirsten LundJohn GulfjelletKetilStig TPiippokattaTor Arne DahlLailaSigrid Blytt TøsdalAgathe MolvikReadninggirl30alpakkaRisRosOgKlagingTheaTorill RevheimEivind  VaksvikBjørg Marit TinholtNina M. Haugan FinnsonLilleviStine SevilhaugAnniken RøilRoger MartinsenTine VictoriaAnn EkerhovdNinaNorahTove Obrestad Wøieningar hJørgen NBokToreTor-Arne JensenPirelli