LATA REGNET PUSTA

I

halda fast
ved det som finst
for det som finst
har også det som har vore
i seg

og lata vinden blåsa
og lata regnet pusta så stille
som berre lukka kan pusta
ein roleg dag om hausten
då pærene er mogne nok
til å plukkast
og fjorden er blå nok
til at fisk kan fiskast

II

eit ròte bord i husveggen må skiftast
ei takpanne må festast
og det er langt ned til bakken

ei røyst seier at eit barnebarn
fyller år og skal feirast

(for far min)

Godt sagt! (3) Varsle

Sist sett

LaddenAlice NordliAnne-Stine Ruud HusevågIngvild SBenteHeleneTone Maria JonassenDemeterMarteHilde H HelsethHelena ETorill RevheimPiippokattaEvaSyntaksfeilAvaBjørg L.Bjørn SturødBerit B LieToveKirstenFindusHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEllen E. MartolKaramasov11AnneWangellinoronilleGro-Anita RoenKristin71Mads Leonard HolvikMorten JensenKjell F TislevollRavnJohn LarsensiljehusmorOleIngeborg GGjertrud JacobsenLinnAE