Maria var trulova med Josef. Alle som har prøvd å komme gravid heim og skylde på ein engel veit kor lett det er. Josef syntest unnskyldninga til kjærasten var tynn og ville gå frå henne, men så kom ein engel og stadfesta Marias historie om at det var den Heilega Ande som var barnefaren. Så då så. Engelen fortalde også at dei skulle få ein son som heite Jesus og frelse folket. Slik liker fedrar å høyre om ungane sine, og før Josef rakk å spørje engelen om sonen også kom til å bli god i fotball og populær blant damene, vakna han frå draumen