Eit barns augo

Eit barns augo
ser og ser ikkje
ut i morgonen

men ser så ein dag koma
som har så uendes mange timar

ser eit liv
med så uendes mange år

og ser at alt er til å skjøna
og at ingenting kan skjønast for alt
er snø
er regn
er vind
og alt er stjerner
på himmelen
der den store månen lyser gult
og er som handa til ein far

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

HeidiEllen E. MartolNina M. Haugan FinnsonKirsten LundPiippokattaMaikenFarfalleJosteinJan Arne NygaardJohn LarsenLilleviChristofferHegeMarianne_Kjell PGroRisRosOgKlagingKristin_VannflaskeMads Leonard HolvikReidun SvensliCecilie EllefsenPirelliMonaBLPilarisKjerstiIngeborg GMargrethe  HaugensveinTerje MathisenTove Obrestad WøienTor Arne Dahlingar hmarvikkisHarald KEivind  VaksvikLene MThereseSynnøve H HoelHanne MidtsundTatiana Wesserling