Kjære Gud. Eg har prøvd å halde boda dine. Særleg det sjette. Eg har bede og bede om ei kvinne. Eg ber framleis. Eg lengtar ikkje etter hor og føreseieleg nihilisme. Eller etter ei som angrar på at ho vaknar saman med meg. Gi meg ei kvinne. Ei god ei. Ei du synest passar. Ei som også lengtar. Ei som er åleine. Ei som eg kan sjå tv-seriar med. Ei som eg kan drikka vin med. Ei som eg kan le med. Ei som eg kan feira jul med. Eg er trøytt og utsliten av lengt og begjær. Eg har sett med begjær på andre kvinner, også gifte. Jorunn. Beate. Hildegunn. Ina. Jannicke. Gunn-Line. Lina. Ingunn. Liv. Trude. Anna. Lise-Sofie. Jorid-Anette. Dyveke. Sylvia. Det er mange eg ikkje veit namna på også. Dei fleste er andre sine kvinner. Eg treng ei som er mi. Som eg kan gifta meg med. Eg lengtar slik. Og når eg sjølv ikkje veit at eg lengtar, så lengtar kroppen. Eg vil sova med ei kvinne før eg døyr. I alle fall vil kroppen min det. Kroppen skrik. Gi meg ei kvinne som eg kan dela livet med. Eg er førti år, og eg er redd for at eg har venta forgjeves. la meg ikkje venta meir. Det ber eg om. Herre – høyr mi bøn.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikElinBeMalinMarianne AugustaAnn ChristinSynnøve H HoelIngvild SStine AskeKirsten LundEli HagelundGrete AastorpTheaKristofferDaffy EnglundlittymseGro-Anita RoenTine SundalAlex NietoMalinn HjortlandAnne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryBjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica Carlsen