Forkleet hugsa du
det nyvaska forkleet
som ho la over ansiktet sitt
då dei fortalde
gøymde det ufattelege
i skuggen bak grovvevd bomull
Dette som skein i eit mørkre
og det salte sviande
som regna over deg
då du klatra opp på fanget
og løfta det kvite til side
strauk og strauk