Ein annan ting som eg oppfattar som metafysisk er dette: Sjå for deg ei kule, for eksempel, som rullar og treff på ei anna kule. Den rullende kula overfører impulsen til den andre kula, og den andre kula tek til å rulle slik den første gjorde. La oss tenke oss at den første kula heiter …. Marcela, - det er ein enkel hypotese; den andre heiter Brás Cubas; den tredje Virgilia. Sett at Marcela får eit spark frå fortida og rullar i veg til ho treff Brás Cubas, - som blir satt i rørsle av impulsoverføringa og rullar vidare til han støyter på Virgilia, som ikkje hadde noko med den første kula å gjere. Slik kan det hende, ved enkel kraftoverføring, at sosiale ytterpunkt påvirkar einannan og det etablerast eit fenomen vi kan kalle – solidariteten til den mennesklege mothugen. Korleis kan Aristoteles ha gått glipp av dette kapittelet? (Kapittel 42)