Eg er stilla og kongen i skogen

Barnet
som slegen av redsle
rømde attende
dei fyrste stega
inn i det vesle skogsnar
-og spurde
kven kongen i skogen var
-så stor ein konge

Barnet
som våga seg
lenger og lenger inn
stiltrand seg på tå
fekk brått ein dag
den kongen sjå
stige høg og breiherd fram
i vindpusten
og høyrde han tale:

-Eg er stilla
og kongen i skogen
eg bur attom dei store tre
oppunde berget grå
i skuggan tett attmed
mellom stein og strå

eg bur i hjarte ditt
og er i tankan dine
eg tala til deg titt
då du låg sjuk unde sengelinet

Barn
eg er stilla
og kongen i skogen
gøym deg her
og kvil eit lite bil

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbeline