Det djupaste knefall

Eg vil danse
Eg vil danse for deg
i skinet frå natt-lampen.
Kjolen løyser du av meg
og håret skal falle fritt.

Eg vil danse ein ung dans
etter songen inne i meg
og tonane frå spana strenger.

Du skal vere nær.
Du skal falle på kne
ved føtene mine.
Du skal liggje på kne
i halvlyset
lenge.

Ein mann på kne
for ein dansande kvinne:
Det djupaste av alle knefall -
og det vonfullaste.

~ Marie Takvam

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Monica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumHarald KBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleKirsten LundTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø egganKaramasov11ingar hRandiATorRufsetufsaSynnøve H HoelRagnar TømmerstøAnne Berit GrønbechMarit AamdalritaolineEvaAmanda AElinBeReidun SvensliAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaVannflaskeTovealpakka