Ho var veldig i tvil. Om ho gav bort heile, hadde ho berre eitt igjen. Korleis skulle det gå? Ville ho klara seg med berre eitt? Dessutan var det uklårt kva gulrota skulle med det. Ho var på nippet til å spørja, men kjende at det var upassande. Ein kan ikkje spørja om slikt, tenkte ho. Anten gir ein, eller så let ein det vera. Om ein gir, har ein ikkje noko med korleis det ein gir, blir nytta. Kan det bli nytta på eit vis som eg ikkje ville setja pris på? Svaret på det er definitivt nei. Slik sett er alt klårt som dagen. Alle korta ligg på bordet. Eg treng ikkje tvila lenger. Gir ein noko, gir ein samstudes tillit. Tar ein imot, tar ein samstudes imot tillit. I den hendinga der ein tar imot tillit og noko anna, gir ein tillit tilbake. Stiller ein spørsmål under eller etter overrekkinga, stiller ein spørsmål til tilliten. Og om ein stiller spørsmål til tilliten, er ikkje tilliten der lenger. Nei, det er på alle vis upassande å stilla spørsmål.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

littymseGro-Anita RoenIngvild STine SundalAlex NietoMalinn HjortlandAnne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryBjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaTone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23Benedikte