Det er meg. Den vesle ungen i den gråmåla senga, i det kvite lyset med dei gule gardinene. Mor sitt andlet over meg. Augo fuktige med kvar si stripe av svart maskara nedover kinna. Kva er det ho ser? Ser ho ungen sin? Den vesle spinkle ungen sin? Ungen med det stinkande hjarta? Det rotne vonde hjarta? Kor kjem denne ungen frå? spør ho. Kor kjem du frå? spør ho meg. Ho tek ikkje på meg. Berre stirer. Mellom meg om henne er det berre luft