Kjærleiksdikt

Ingen bad deg kome så nær
Ikkje eg
men det var hit du gjekk

Eg ser du knepper opp di hud
i entréen
og slår flikar kring meg
Det varmar


Verre er det når du går
og rykker bitane
av huda di
frå lemmane mine
Roleg klappar du deg i hop
men sansar ikkje
at du fekk med det meste
av meg også -

Ingen bad deg kome så nær
at eg står naken att -

~ Bodil Magdalena Dyb

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Cecilie69Daffy EnglundLeseberta_23PiippokattaIngeborgTine SundalSol SkipnesTore HalsaBjørg Marit TinholtAnniken BjørnesKirsten LundNorahSynnøve H HoelMorten GranheimEvaStein R. OlsenStig TJulie StensethBjørg L.Harald AndersenTove Obrestad WøienBente NogvaIngvild STone SundlandEli HagelundKristinAmanda AKaren RamsvikMonica CarlsenMona AarebrotCecilie EllefsenJoannTrude OmaRisRosOgKlagingsomniferumTorill RevheimHarald KTralteVanja SolemdalTatiana Wesserling