KRISESENTERET FOR DIKT

Krisesenteret for dikt, ver så god.
-Det er eit dikt som ringer, hallo.
Kva kan eg hjelpa deg med, lyriske bror,
-Eg er så lei meg, eg manglar eit ord.
Berre eit ord er vel ikkje så gale.
-Men eg vert mobba av dikta som er normale.
Snu diktet ditt til, sjå ei anna retning.
-Men i tillegg til ordet, eg manglar ei setning.

Prøv no å bli eit meir positivt dikt.
-Ja trur du eg finn att det ordet på sikt?
Ja, klart kjære venn, du får att setning og ord.
-Ja, men kva med det verset eg mista i fjor?
Uff, eit år utan vers, det er nokså lenge.
-Ja det var ein forfattar som strauk ut poenget.
Du måtte vite at forfattarar kan gå over lik.
-Ja, men det var vel litt stygt å valdta meg slik?

Du er litt forkommen, men det ordnar seg nok.
-Men eg står aldri i ei bok, eg står att på ei blokk.
Sei ikkje det, om ideen er god.
-Men eg er langt unna bok, slik eg har det no.
Me skal hjelpa deg litt, då vert du nok bra.
-Eg trur neppe det går, men takk skal du ha.
Du får ein heilt ny forfattar, no vert du nok fin.
-Ja send ein heilt ny forfattar, som har drukke litt vin.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaINA TORNESsveinBjørg L.AvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeKirsten LundIreneleserTove Obrestad WøienBeathe SolbergLilleviWenche VargasJulie StensethAnne-Stine Ruud HusevågToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristofferHeidi BG LHarald KHanneRisRosOgKlagingHilde H HelsethEmil ChristiansenTraltemay britt FagertveitMarteLyria