Ingenting går over jorda utan spor, seier diktaren. Det er sikkert sant, men kven kjenner spora til G ? Kven veit kvar ho vankar? Kven har sett avtrykk av hennar skor? Kven ser stigen ho går, inn under dei tunge lauvtrea? Kven kjenner seg merkte av henne, på netthinna, eller i bringa? Kven tenkjer på hennar lagnad? Det kjem ikkje til å bli reist eit minnesmerke etter henne.