Eg amma guten min for lenge, sa Mathissen. Du gjorde kva? spurte Arvid Lunde. Eg amma nok guten for lenge, sa Mathissen. Amma du han? Ja, eg amma han fram til han var fire år. Arvid Lunde trudde ikkje sine eigne øyre. Mathissen sa at han syntest synd på guten då mora døde, han hadde lagt han ved brystet annankvar time, og sjølv om det ikkje hadde komme noko mjølk, hadde guten tydeleg sett pris på desse ammestundene. Men eg amma han aldri i det offentlege, sa Mathissen. Der gikk grensa, heime fikk han brystet når han ville, heilt til han var fire år. Då måtte eg bare stoppe, sa Mathissen, då var det bom stopp, men skaden var altså allereie skjedd.
Skaden? spurte Arvid Lunde.
Ja, guten blei Høgre-mann, sa Mathissen.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

FriskusenAliceInsaneMetteellinoronillePernille GrimelandGro Anita MyrvangEster STonjePirellisveinKikkan HaugenIngeborgMarit MogstadHanne Kvernmo RyeKaramasov11HeidiMarenConnieFarfalleHilde H HelsethCarine OlsrødRufsetufsaJohn LarsenGrete AastorpHelena ELinnKirsten LundNorahMarieVegardsomniferumMarit HåverstadAnne Berit GrønbechAnn ChristinAlice NordliToveTorKjell PEli HagelundHilde Merete Gjessing