Det er ei merkeleg mangslungen og motsetningsrik verd ein møter i Duuns diktning. Mennesket strir med maktene, i seg og utanfor seg, med natur og lagnad, sed og skikk, tru og overtru, redde tankar og vonde hugdrag; det struper og reiser seg, taper og vinn. Det er ei verd der striden står mellom lys og mørker, vondt og godt, himmel og hel, og der mennesket fyrst og fremst har berre seg sjølv og sin eigen styrke å lite på. Og denne verda er skildra med slik intuitiv evne, med slik synsk oppleving av både det lågaste og det høgaste i menneskehugen, at den diktaren som så visjonært hadde sett motsetningane i livet, han kunne ha gjort draumkvæde-skaldens ord til sine:
Eg hev vori meg upp med sky
og ne-att på svarte dikje,
eg hev set åt heite helviti
og ein deil av himmerikje.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergAgathe MolvikHelge-Mikal HartvedtAnneWangTone SundlandDemeterTheaKirsten LundHarald KTrude JensenSynnøve H HoelStine SevilhaugSigrid NygaardLailaReadninggirl30HeidiAnne-Stine Ruud HusevågsomniferumBjørg  FrøysaaPiippokattaVannflaskeTovePerSpelemannHilde VrangsagenWenche VargassiljehusmorRufsetufsaEivind  VaksvikTherese HolmSigrid Blytt TøsdalIna Elisabeth Bøgh VigreJoannHilde H HelsethAkima MontgomeryAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødAnne Berit GrønbechVegardRagnhildKjersti