Korleis er det i huset til fiskaren når han kjem heim om kvelden?
Heile dagen har han vore ute på havet i vinden og bølgjene
Etterpå sløgde han fisken og la han på vekta
Så fortøydde han båten og rodde til land
Korleis er det i huset til fiskaren når han kjem heim om kvelden?
Stundom ligg huset hans stille i mørkret
Kona hans har gått til ro og lysa er sløkte
og ingen møter fiskaren i gangen
Ingen tar kleda hans når han vrengjer dei av seg
Korleis er det i huset til fiskaren når han kjem heim om kvelden?
Stundom er det lys på kjøkenet
Når kona hans høyrer steg, opnar ho for han
Ho tar imot fisken han har med heim til middag
Ho løftar hendene hans mot lyset og seier:
Å, kunne du berre greia å finna fred her hos meg

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Helge-Mikal HartvedtAmanda ABjørg L.CamillaIvar SandEvaFindusTor Arne DahlTonje-Elisabeth StørkersenMads Leonard HolvikLailaellinoronilleEli HagelundPia Lise SelnesLilleviLabbelinesiljehusmorBård StørealpakkaCathrine PedersenStig TReadninggirl30VannflaskeMarenReidun SvensliTrineFrode TangenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeInger-LiseKirsten LundMorten MüllerJulie StensethLars MæhlumCatrine Olsen ArnesenStine SevilhaugAneStine AskeKristine LouiseMona Aarebrot