Ver still mi sjel

Ver still mi sjel
med timan ror,
og trei står så sturne.
Kva er vi vel?

Ein handfull jord.
Litt oske i ei urne.

Eit liv av leir.
Eit hold som gror.
Men kjenner lengsle banke
mot noko meir
enn berre jord.
Ver still, men urotanke.

Er døden død?
Han gjer deg fri
for siste slavebande.
Eit ævefrø
slær røter i
det dulde grenselande.

Jan-Magnus Bruheim

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Akima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikKirsten LundAnniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumBerit B Lie