Du maktar ikkje å skapa
eit einaste frø
i den vårlege jord.
Men du kan trakke
på det som gror.

Og du kan knuse gleda
med steintunge, harde ord.

Du kann ikkje makte å stille
bladi til ro
på eit blåsande tre.
Men du kan hogge det ned -.

Tankane kan du 'kje styre.
Ingen veit kvar dei kjem i frå.
Men du kan stengje deg inn i deg sjøl,
attanfor lås og slå.

Du kan ikkje skapa
det minste strå
som skjelv for din skume nærleik.
Avmektig er du.
Men alt kann du gje
din kjærleik.

Jan-Magnus Bruheim - DI MAKT

skum - skum (samanheng med norr skúmi 'skumring') heller mørk; dim, halvmørk, skymdet byrja å bli skumt

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

LilleviAleksanderAnne Berit GrønbechHelge-Mikal HartvedtJørgen NMarit HåverstadPiippokattaAnniken LHanne Kvernmo RyeReidun SvensliGladleserBjørn SturødFarfalleVilde Gran JohansenMarianne_Tove Obrestad WøienElin FjellheimRune U. FurbergTralteToveHarald KJorund KorbiKirsten LundMartineDemeterIngunn SNorahOddvarGMarteKristine LouiseRufsetufsaAnette Christin MjøsFindusPrunellasiljehusmorBerit RAkima MontgomeryConnieIreneleserLene M