Var eg ei som henne, kva klede kom eg gåande i, og dei som såg meg, kva såg dei, og kva tenkte dei, og sa dei noko til meg om håret og kjolen og skoa, sa dei eg var vakker. Såg dei meg og såg dei inn i noko ingen ord forklarte, såg dei lengsla si i meg, såg dei raseriet, eit tap. Korleis var det å berre gå ei gåte eller sitte på ein benk og vente, så kom nokon og begynte å seie fine ting, korleis var det å vere i to grøne sko, korleis ville kjolen hennar sitte på kroppen min, korleis voks slike hår om dei først slo rot i skallen, korleis vart nokon slik og andre slik, kvifor desse forskjellane, kvifor nokon fin og nokon stygg, kvifor fekk nokon gå langt og nokon kort, kvifor alle kjenslene og lengslene når alt eg ville, var å sovne inn og stå opp att i ein annan.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn ØvrebøGroKaramasov11GladleserBjørg L.Beathe SolbergbrekToveHallgrim BarlaupKirsten LundChristofferHanneAstrid SæverhagenAnneWangPiippokattaStig THeidiBerit RHarald KPernille GrimelandEmil ChristiansenMorten MüllerVannflaskeKaren RamsvikTine SundalEster SLisbeth Marie UvaagEivind  VaksvikFrisk NordvestMari ArnLilleviJarmo LarsenBente NogvaHilde Merete GjessingJulie StensethReidun VærnesReadninggirl30Astrid Terese Bjorland SkjeggerudMona AarebrotAud Merete Rambøl