På slike morgonar på hybelen blei eg kjend med artsfrenden min Daniel Braut i Bondestudentar, Le grand Michu i franskboka og Shakespeare si Portia i The Merchant of Venice.

“The quality of mercy is not strain’d
It droppeth as the gently rain from heaven
upon the place beneath; it is twice blest;
It blesseth him that gives and him that takes.

Stundom gjekk vi rett frå skulen til teatret. Garderobedamene på Den Nationale Scene sukka overberande over desse evnerike landsungdommane i stormønstra strikkejakker som overlet blytunge skulevesker til dei for plassering attom skranken, eit løft inn frå kulda til pelskåpene og støvfrakkane, før nynorskingane kunne innta salen under stjernehimmelen i blått og gull. Så gjekk teppet opp, og vi gjekk inn i ei draumeverd der alt var mogleg.

Teateropplevingane hadde si forlenging i mi deltaking i spellaget ved HFG. For sjølv om elevane var pugghestar i eit kortare (toårig) skuleløp enn gymnasiastar flest hadde, så baud skulen på eit blømande kulturliv i fritida. Erik Svendsen, skodespelar med tversoversløyfe, vennleg diskresjon og eit “velpleid sprog” instruerte teatergruppa fram mot store premierar i “Gimle” og med turné heilt til Eikelandsosen. Kjensla attom teppet før det gjekk opp for ein forventningsfull, summande sal, den pirrande lukta av teatersminke – alt dette førde inn ein dåm av den store verda. I dette magiske mørkret var det igjen denne kjensla av: vi her inne, verda der ute – og møtet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeKirsten LundElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø eggan