Kåre og Tor rodde så stilt dei kunne forbi kaiane i det vesle fiskeværet Mevåg. Det galdt å koma seg ut or hamna utan at dei andre ungane i været fekk greie på det, og ikke dei vaksne heller. Det var grytidleg om morgonen. Kvinnfolka var ikkje komne att frå mjølkinga, så klokka kunne ikkje vere meir enn 7, slett ikkje. Ingunn, syster til dei to gutane, sat bak i båten og togg på ei brødskive...