(Fra “Draumebok”. 13.7.99) Gjekk forbi Per Jansen og ein annan skodespelar på gata. Dei var kledde diskré til forestilling, Per Jansen stod der med stirrande, stivt blikk og kjende meg ikkje att (ikkje så rart heller, eg har berre helst på han ein gong), og eg skunda meg vidare, og då skimta eg at der sat ein heil flokk skodespelarar, med Lasse Lindtner i spissen, utanfor teatret og venta på å ta imot publikum. Eg skjønte at dei skulle spele Jan Herwitz. Eg skunda meg vidare, slik at dei ikkje skulle snakke til meg, og brått var eg inne i teaterbygget, og eg tenkte eg kunne vente her litt, og så snike meg ut når forestillinga hadde begynt, men då eg så skulle prøve å finne vegen ut, kom eg berre inn i nye rom, bl.a. eit soverom med ei diger dyne, som alle var del av forestillinga, enno utan folk, men eg høyrde dei snakke i bakgrunnen. Stadig nye rom, og eg kjende at eg rota meg lenger og lenger inn i teaterbygget. Til sist såg eg ei eldre dame som såg ut som om ho jobba der, og eg spurde henne etter vegen ut. Ho smilte av meg som var ein slik tulling, og ho forklarte vegen nøye, men det høyrdest så innvikla ut at eg skjønte eg aldri ville finne vegen ut att.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Carine OlsrødAnneBeathe SolbergKari MeretePi_MesonTurid KjendliePiippokattaKirsten LundTorill RevheimBjørg RistvedtHarald KLinda NyrudTone SundlandIngunn SJulie StensethSolveigMonica CarlsenJBStine SevilhaugTone HRufsetufsaEgil StangelandsvarteperMargrethe  HaugenTine SundalHildeToveHeidiTine VictoriaHelen SkogAndreas BokleserTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30