Ein god dag

Kor godt det er med dagar eller timar eller
minutt som er nesten lykkelege. Der tid
blir borte og elvar renn opne i oss. Desse
nesten lykkelege glimt som rører ved det
djupaste, naknaste, ømmaste i oss.
Mest av alt er det nærhet. Kanskje ikkje
dei mange ord. Kanskje ikkje dei store
hendingar. Kanskje ikkje meir enn eit
handtrykk i forbifarten. Kanskje ikkje
meir enn eit ope smil. Kanskje berre det å
vera saman.
Men det gjorde noko med oss. Det rørte
ved noko i oss. Det løfta dagen, opna drau-
mar. Gjorde oss levande, varme.
Kor sterke vi blir av slike glimt. Kor
vakker verda blir. Kor rike vi er som kan
gje dette til kverandre.

Bente Bratlund Mæland

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Tone HKirsten LundTorill RevheimEivind  VaksvikLyriaFriskusenFrode TangenStig TTor Arne DahlReadninggirl30Dolly DuckMonica CarlsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudCecilie69Ingunn STone SundlandTerje MathisenAmanda ANorahrubbelTonje-Elisabeth StørkersenAkima MontgomeryKikkan HaugenChristofferritaolineTore OlsenPer LundOleEster STove Obrestad WøienAurora WeberBjørg L.Hilde Merete GjessingRisRosOgKlagingLinda NyrudSigrid Blytt TøsdalMona AarebrotToveTanteMamieAnniken Røil