Lengtar -
det upprinnelege
har fanga meg
Når skyene tømer regnet
utover hagen,
velgjerande vaskar
hendene til ny teneste
kjenner eg meg lukkeleg
Trø varleg kviskrar livet
blomane søv
om ei liti tid
vil nyfødd ange
fylle nye morgonar
Stråi bøygde
av nattedropar
lyfter seg
helsar som om det
var fyrste gong
Har nokon vildra seg inn?
nei, eg lånde i min lengtings tvil
dei tok min hug
då frøet fann jordi
Gundrun Brauti Knutslid