OM Å HA HÅP
Vi treng håpet. Den vesle kvite perla ein stad i oss,gøymt. Den stille elva som brått kan brusa over. Utsynet bak neste sving. Tonen som løftar dagen.
Vi treng handa som som blir strekt fram og orda som vekkjer draumar. Løvetannen opp or asvalten. Fuglen på veg i fridom, lyset på skrå inn.
Håpet kan vi gje kvarandre, eller ta bort.
Denne dagen er vår.