Har ein draum
Skulle det vera så utopisk at vi heldt fred med einannan? At vi kunne tåla kvarandre, med ulike personlegdomar, med ulike meiningar, ulike haldningar. Skulle vi ikkje kunna sjå menneske bak? Skulle vi ikkje kunna leita fram ein felles plattform? Alle treng vi nokon. Nokon å gje til, nokon å få hos. Alle har vi våre eigne kampar å kjempa. Alle ber vi vår eiga einsemd. Alle har vi vår tilmålte tid. Kva vil vi med dei dagane vi har? Har vi råd til å trø einannan ned, til å bruka våre beste ressursar på å halda maktbalansen under kontroll? Visst skal vi halda på vår integritet. Visst skal vi kjempa for det vi trur på, om så på kvar vår side.
Men kunne vi ikkje likevel møtas ein stad der menneske er menneske, og unna kvarandre den fred vi lengta etter.