Ho er søt, einsemdi,
so lenge vegen attende
til dei hine
er open.
For du skin ikkje
for deg sjølv.

Men den dagen berget
dett i
attum deg,
stend du og ropar
i blind angest
og slær knokane
mot ein stengd vegg.

Og du klagar til stjernone,
steinane, havet og vinden
og trur dei veit
og gjer deg
ringare enn dei.

Å, du attum eimsemds berg!
Det renn attende
so løynd ei elv,
um du som Sinbad
torde fylgje henne.

(Olav H. Hauge: Attum Einsemds Berg )

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Elin Katrine NilssenPiippokattaBjørn SturødEivind  VaksvikReadninggirl30Tine SundalIngridKjerstiHarald KKarin BergHilde VrangsagenTanteMamieBjørg RistvedtIngunn SRisRosOgKlagingStig TKirsten LundTove Obrestad WøienLailaBjørg Marit TinholtEvaMarianneNJulie StensethMorten MüllerHeidi HoltanHelena EHenrik  Holtvedt AndersenTonje-Elisabeth StørkersenHilde H HelsethBerretMariaHåvard EngeFarfalleCathrine PedersenDemeterLars Johann MiljealpakkaRune U. FurbergEster SEllen E. MartolTone Maria Jonassen