Høgt opp over dalar, opp over fjell,
over skogar og skyer, hav og land,
bak etren der solene svingar sin brann,
bak sfærar der stjernene sløkkjer sin eld,

du lyftest, mi sjel, i ditt leikande flog,
og som symjaren jublande femner si båre,
mannsleg du kløyver ein botnlaus klåre,
skodande rømder som ingen såg.

Vengboren stig over pestfylte eimar
inn i ein dag som ufatteleg skin!
Drikk som ein tindrande himmelvin
logen som fyller dei ævlege heimar!

Lykkeleg han som frå kjøvande mein,
skodde som tyngjer og sorg som sprengjer,
jagar på mektige, kvelvde venger
inn over sletter der lufta er rein,

stig på sin tanke i frigjord sæle,
voggar som lerka når dagen sprett
høgt over livet og skjønar lett
talen åt blomar og ting utan mæle!

(Charles Baudelaire: Himmelferd i gjendiktning ved Sigmund Skard)

flog - flyging
klåre - om himmel, atmosfære
rømd - vidd, nok plass; ope rom; verdsrom
loge - skinn, flamme, bluss, eldtunge
kjøvande mein - kvelende hindring(?)
sæle - stor og inderleg glede el. hugnad; lykke (i æva)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

PrunellalittymseBerit RSolveigHilde Merete GjessingTanteMamieLilleviEvaMarieBeate KristinKirsten LundAvaelmeReadninggirl30Jan Arne NygaardJarmo LarsenLars MæhlumHelena EVariosaLailaKaramasov11Monica CarlsenbrekChristofferHeidi BBNina M. Haugan FinnsonTove Obrestad WøienBjørg Marit TinholtKarin BergsiljehusmorEirik RøkkumNinaFindusGrete AastorpTore HalsaBeathe SolbergTherese HolmEgil StangelandMads Leonard HolvikG L