Marie Taekvam (f. 1926)

Trø meg ikkje på tærne

Det er greit nok at du drikk beinmarg ut av meg
at du sprøyter dine tankar inn i underlivet mitt.
Men trø meg ikkje på tærne!
Det er greit nok at du syg viljen min
ut gjennom leppene
og får den til å fløyme frå andre kroppsopningar.
Men trø meg ikkje på tærne!

Det er nok å ta av
og det rom for også dine tankar inne i meg.
Men trø meg ikkje på tærne!

Eg vil så gjerne vandre mine eigne tankar til endes.

Derfor:
Drikk gjerne av meg, sprøyt inn i meg,
men trø aldri ein vandrar på tærne!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Hilde H HelsethJørgen NTom-Erik FallaKikkan Haugeningar hHarald KAgathe MolvikDemeterRune U. FurbergPi_MesonIna Elisabeth Bøgh VigreJohn LarsenStig TMorten MüllerKaren RamsvikLailaKirsten LundTorill RevheimHeidi Nicoline ErtnæsRonnyBente NogvaBjørg L.ConnieMorten JensenEli HagelundTrude JensenReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagToveThomas KihlmanDolly DuckIrakkLilleviPiippokattaLabbelineTherese HolmIngunn SKjell F TislevollcupcakeMads Leonard Holvik