Eg vil gå til natta
bortom grensene.
Den som er i svart hav
og sløkte ljos,
og eg skal gli blind inn
i hennar famn.
Eg vil søkja svevnen,
den som er utan draumar,
og slik som eg legg mine klede
att på sandstranda ein sumardag,
skal eg stiga over min lekam
og gløyma han.
Eg vil søkkja i natta,
og alt som er i og utanom meg
skal kverva bort
som eit andepust over havet.
Eg vil gå til natta
bortom grensene
og gjeva henne mine bører,
og flodbølgja skal bera dei bort med seg.
Men slik som ljoset
løyser seg frå mørkret
og land ifrå hav,
skal eg løysa meg frå dette havet
som er natta.
Eg skal stiga opp av bølgjene,
og svevnen skal perla av meg som skum,
og eg skal vandra mot aust
mot solrenninga,
og finna meg sjølv att på stranda
der dagen fjørar.
(Åslaug Låstad Lygre: Eg vil gå til natta)