NOKRE TANKAR

Verdsbilete er greidt nok, so langt me ser og forstår. Og det "lilla synspunkten" ser ut til å rekka langt, og kan tyde mykje. Forstanden har utvida sitt umkverve, og er med rette stolt; lenger tenkjest han å nå, og kvifor ikkje? Men fantasien har utvida si verd munaleg, ja det er spursmål um ikkje me nyss har slege hol på skalet so me kan ta til å stikka hovudet og sjå oss i kring. (Dette er elles noko kvar einskild må gjera kvar for seg.) Alt er relativt, og me kan segja me er komne like langt; det spørst um ikkje det er det fine med det.

Kva er so universet? Ja, det er ikkje godt å segja. Det er ein ovstor levande organisme (ja, han kan vera liten med) eller det er eit to, ein stein, ein skitklump under treskoen på eit trodl til ein rise, eller ein drope vin i ein skål, alt kan me vera, ja, eit atom i eit stoff, i eit makrostoff, på same viset som universet kan opna seg innover i atomet; Gud finst ikkje innover, ikkje utover, ikkje i det store, ikkje i det små, gud kan vera i den vesle verdi likso vel som i den store, um det då finst noko slikt vesen.

Olav H. Hauge 1954

Band ein

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Karen PatriciaTine SundalJan-Olav SelforsVannflaskeAnne Berit GrønbechChristofferJulie StensethLinda RastenGladleserandrea skogtrø egganKirsten LundLailaBerit RHanneRoger MartinsenFride LindsethsiljehusmorAnniken RøilHeidi LINA TORNESsveinTor-Arne JensenTonesen81LilleviKristine87Mette-MKjell PFindusflaRufsetufsaGrete AastorpAnniken LSilje HvalstadTatiana WesserlingEivind  VaksvikHarald AndersenTanteMamieMargrethe  HaugenPiippokattaAmanda A