Telefonrøret likna tjukke bukkehorn, og no kom bukken stangande imot meg igjen. Eg sprang inn på badet og slo igjen baderomsdøra etter meg. Bukken brekte og brekte på andre sida av døra. Eg held for øra og nynna så høgt eg berre greidde. Etter ei lita stund slutta eg og nynne. Eg tok hendene vekk frå øra og hørte det var heilt stille. Plutseleg tok bukken til å rape og breke igjen. Eg reiv skyljeglaset ut av det vesle stålstativet. Eg slengte skyljeglaset i døra så glasbrota spruta blinkande ut i rommet. Slutt opp, brølte eg. Slutt opp for helvete, brølte eg. Eg brølte så høgt at eg vart glovarm i hovudet. Eg snudde meg mot spegelen. Eg var mørkeraud i ansiktet. Så bli raud da for helvete, brølte eg. Eg stakk ansiktet heilt inntil spegelen og brølte ein gong til. Eg brølte av all mi kraft mot spegelen. Så berre bli raud da, brølte eg. Raud, raud, skreik eg. Eg kvervla rundt, pressa ned handtaket og sparka opp baderomsdøra. No er det fan steike meg nok, skreik eg. Eg gjekk rett mot bukken i eit rasande tempo.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaJulie StensethKirsten LundTralteEivind  VaksvikTanteMamieMads Leonard HolvikMcHempettTine SundalFrode TangenBjørg Marit TinholtHarald KDemeterKristineAnette SAnette Christin MjøsVigdis VoldNorahVannflaskeIngvild SJohn LarsenAneedgeofawordEgil StangelandInger-LiseAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEster SBeate KristinMalinn HjortlandLinda NyrudAndreaPirelliHilde H HelsethTurid KjendlieMarit HøvdeTone HmarvikkissomniferumLene AndresenHelge-Mikal Hartvedt