SNORRE I mine gutedagar fekk me lov å lesa kva me vilde; me fekk låna i folkeboksamlingi, og elles kunde det slengja bøker på gardane. Skitne og slitne var dei etter lesnad og utlån. Det var aldri nokon som gjætte på kva me las eller ikkje las. No skal ikkje ungar få koma i folkeboksamlingen, skulen har sitt eige bibliotek no. Det vert sjølvsagt etter som lærarane er. I folkeboksamlingane finst ikkje ei barnebok no lenger, endå mange vaksne kan ha hug å lesa barnebøker av og til. Eg meiner det elles er uråd å skilja imillom bøker for dei ulike aldrar. Sume er vaksne i barnealderen, og sume vert born i eldre alder, sume er born heile livet.

I fjor, det var endå tett fyre jol, kom ein gut or Stetti burt til meg. Eg hadde no snakka med han fyrr, og han hadde vore inn til meg. Han hadde lese ut den boki han hadde fenge lånt i skulen, og no spurde han um eg hadde noko. Ja, so fann eg Tom Sawyer til han. Og eit par bøker av Kåre Gullveng. Eg hadde gøymt dei bøkene frå eg var gutunge. Ei vike etter kom han att. Då fekk han med seg ei bok um Stanley, og ymist slikt. Eg såg han gjorde store augo då han fekk auga på Snorre. Til slutt hadde eg ikkje fleire bøker som eg tenkte kunde fanga hugen til slik ein 12-åring, for eg har ikkje nett mykje forteljingar. Men kunde han ikkje få låne Snorre? Den fær du sikkert låna i skulen, sa eg. Nei, han fekk ikkje det. Har dei ikkje Snorre der då? Spurde eg. Jau, lærerinna las høgt av henne stundom, men dei fekk ikkje låna henne. So fekk han med seg Snorre. Uppi vegen såg eg han stansa, pakke ut boki og tok til å sjå i henne. Stod lenge , nett som ein pinn. Nei so gjekk han nokre meter att. Stans på nytt. Stod som han var støyrd. Augo nagla i boki.

Han hadde henne 2-3 månader, men for fint med henne. Han kjem sikkert ikkje til å gløyma at han fekk lesa Snorre, kanskje han likevel kan tevla med speidarbøker og Disney.

Olav H. Hauge.

Band 1

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Tatiana WesserlingPiippokattamarithcHarald KTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  Frøysaa